16.oktober 13:22 Stord Friidrett

Pernilla Eugenie Epland fikk 4. plass i NM terrengløp Lørdag 14. oktober gikk starten for Norgesmesterskapet i terrengløp (lang løype). Pernilla Eugenie Epland var eneste deltager fra Stord IL og hun løp 6km i kvinner senior. Kun 15 kvinner stilte til start i Vik i Sogn og Fjordane. Uten de sterkeste løperne i Norge som Karoline Grøvdal, Runa Falch og Kristine Engeset på startstreken var det veldig åpent og vanskelig å spå hvem som skulle stikke av medaljene. Etter passering første runde på ca. 2km på 6.45 hadde 21 år gamle Live Solheimdal fra Vidar fått med seg Maria Wågan fra Namdal og Karoline Kyte fra Førde i et brudd. Vår Pernilla passerte på 5.plass på 7.06 og var dermed hektet av medaljekampen. På passering 2. runde hadde avstanden frem til de 3 første økt til snaue minuttet og Pernilla lå og knivet med Eli Anne Dvergsdal fra Gular om 4. plassen helt frem til spurten hvor Pernilla viste sin bane-styrke da hun tok 2 sekunder på Eli Anne på oppløpet og kunne løpe inn til en flott 4. plass på tiden 22.33, 1.14 bak vinneren Live, som fikk med seg Maria og Karoline på 2. og 3.plass. Et godt løp av Pernilla som viser igjen at hun har tatt steg siden 7. plassen i fjorårets NM i Rindal. Resultater: http://live.eqtiming.no/36804?focusuid=37988#result:127738-394650-987745-1-1- Kondis reportasje: https://www.kondis.no/live-solheimdal-ble-norgesmester-i-terrengloep-slo-maria-sagnes-waagan-og-karoline-holsen-kyte.6037517-127676.html Foto: Kondis.no / Arne Dag Myking

16.oktober 12:40 Fitjar bygdekvinnelag

Bjørg Strømme og andre sentrale bygdekvinner i Fitjar under ein aksjon for norsk landruk i januar i år.Arkivfoto FP/KR. Ja til norske grønsaker! – Det du har på ditt middagsfat har ringverknader som strekkjer seg langt ut over det enkelte måltidet. Difor vil vi i Hordaland Bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker, seier leiar Bjørg Strømme. Bjørg Strømme er leiar i Hordaland og har sendt oss denne pressemeldinga i høve Verdas matvaredag 16. oktober: For det første bør vi eta mer grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøking slår fast at 1 av 4 har fedme, og at eit mindretal av den vaksne befolkninga er normalvektige. Å auka inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst. 5 om dagen kan førebyggje overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft. For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsakproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. I tillegg har vi gode føresetnader for å dyrka grove grønsaker som kål, løk og rotgrønsaker i Noreg. Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og etast året rundt. Ved å velja desse, og andre typar norske grønsaker, kan du bidra til å redusera unødig lange transportetappar frå jord til bord med tilhøyrande klimabelastning. For det tredje bør du velja norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. FN sitt berekraftmål seier, blant anna, at vi skal jobba for betre ernæring og fremja berekraftig landbruk. Noreg kan bidra ved å produsera mest mogeleg næringsrik, trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspunkt i våre naturgitte føresetnader. 16. oktober er det Verdas matvaredag, og vi i Hordaland Bygdekvinnelag vil bruka dagen til å feira dei norske grønsakene. Om du, som oss, er opptatt av å eta sunt, norsk og kortreist inviterer vi deg til å vera med, og seia: Ja til norske grønsaker! Hordaland Bygdekvinnelag Bjørg Strømme Bjørg fortel at dei lokale eldsjelene i Fitjar Bygdekvinnelag er klare til å markera Verdas matvaredag i Fitjar førstkomande måndag. Aksjonen "Ja til norske grønnsaker" Norges Bygdekvinnelag vil auka kunnskapen om og bruken av norske grønsaker. På Verdas matvaredag 16. oktober vil Bygdekvinnelaget og Gartnerhallen setja søkelyset på norske grønsaker som ei trygg, sunn og god norsk råvare. Saman med kjendiskokk Harald Osa har dei laga ei eiga oppskrift på suppe. På aksjonsdagen vil over 130 lokale Bygdekvinnelag stå utanfor sin nærbutikk og dela ut meir enn 7500 posar med råvarer til grønsakssuppa. Grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa Ingrediensar til fire porsjonar 2 raudbetar 2 mellomstore løkar 2 gulrøter 2 mellomstore poteter 1 persillerot eit blad grønkål ei klype tørka timian 1 laurbærblad salt Slik gjer du: 1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjer rødbetar, løk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjer blada i tynne strimler. 2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkålen, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Tilset timian, laurbærblad og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoka i 15-20 minutt til alle grønsakene er møre. Tilset grønkålen rett før servering. Tips Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøttsmak, kan du gjerne koka med 4-6 skiver bacon kutta i terningar eller eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ein kan også koka suppa med ein terning buljong. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege. Raudbetane i denne oppskrifta gir suppa smak og ikkje minst farge, og kan gjerne utelatast til fordel for ein ¼ liten kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg frem til nettopp di favorittsuppe og hugs at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.