15.desember 16:19 Stord Snookerklubb

Stord Snookerserie hausten 2017 er no ferdigspelt og me kan gratulera Shaher Alqasasfa (bildet) som seriemeister i Elite, og Håkon Tverderøy som vinnar av 1. divisjon! Serien har vakse seg større og større etter kvart som klubben òg har blitt større og fått fleire medlemmar, og heile 22 spelarar meldte seg på i haust då den sjuande sesongen av Stord Snookerserie blei støta i gang. Sidan har det blitt spelt godt over 100 kampar, der ein del av dei har blitt streama live på Youtube-kanalen vår. Det var fleire som var med og kjempe om gullet i Elite, men Shaher Alqasasfa gjorde det aller best, og tapte berre ein kamp i løpet av hausten. Det same gjorde Bjarte Kannelønning, men Shaher gjekk då føre på innbyrdes oppgjer, mens Bjarte tok sølvet. Bronsen gjekk til John Christian Vespestad. Når det gjeld nedrykk frå Elite må Kåre Åsnes og Inge Kvarven ta den tunge vegen ned i 1. divisjon, saman med Tommy Kvarsvik, som tapte kvalifiseringskampen mot Runar Røsand som hamna på tredjeplass i 1. divisjon. Dei to øverste plassane i 1. divisjon gjekk til Håkon Tverderøy og Kåre Valde, som begge rykkar opp i Elite til våren, saman med Runar. Gratulerer! Elite: Seriemeister: Shaher Alqasasfa Sølv: Bjarte Kannelønning Bronse: John Christian Vespestad Nedrykk: Tommy Kvarsvik (etter kvalifisering), Kåre Åsnes og Inge Kvarven Høgaste break: Morten Veland (39) 1. divisjon: Opprykk: Håkon Tverderøy, Kåre Valde og Runar Røsand (etter kvalifisering) Høgaste break: Kåre Valde (25) Alle resultat og sluttabell i Elite: https://cuescore.com/tournament/Stord+Snookerserie+Elite+Hausten+2017/1699847 Alle resultat og sluttabell i 1. divisjon: https://cuescore.com/tournament/Stord+Snookerserie+1.+divisjon+Hausten+2017/1699851